Lokalnytt

Ute av ROBEK-registeret

Foto frå brosjyre Stranda kommune.

Under kommunestyremøtet onsdag blir Stranda kommune meldt ut av ROBEK-registeret. Frå 2013 har kommunen dekt inn eit akkumulert meirforbruk på 50.8 mill. kroner.

I ei pressemelding skriv Stranda kommune at kommunen kom inn i ROBEK-registeret i 2011. I åra 2013 – 2018 har kommunen dekt inn totalt 50.8 mill. kroner av akkumulert meirforbruk. Dette har funne stad ved god budsjett –og økonomistyring, godt samarbeid mellom politikk og administrasjon og sist, men ikkje minst, ein fantastisk lojal oppfølging frå dei tilsette i kommunen. Stranda kommune si utvikling dei siste åra framstår som ei suksesshistorie på fleire områder, står å lese.

Under kommunestyremøtet blir konstituert fylkesmann i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste til stades for å markere at Stranda kommune er meldt ut av ROBEK-registeret frå 26. juni 2019.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380