Sommardagar på Hellesylt 2019

Utviklar rib-båt for utsleppsfri fjordferdsel.

Rib-båten Sunnylvsfjord vart døypt og kom i sjøfart i mars 2016.

Det blir utsleppsfrie opplevingsturar på Verdsarvfjorden når to nye elektrisk rib-båtar kjem til Hellesylt. Men fram til slutten av sesongen inviterer Bonseye til fjordfart med guiding i to andre hurtiggåande farkostar.

 Vi set på Øvre Ljøen saman med Frank, Bente og sonen Ole Hjalmar Bonsaksen. Vi frettar ut om to nye elektriske rib-båtar som familien utviklar i lag med Neptun båt AS. Dei nye er under uttesting og alt ser lovande ut. Eit revolusjonerande prosjekt for utsleppsfrie opplevingsturar på den berømte fjorden under oss.

Utsleppsfri

I dag køyrer familieselskapet Bonseye AS opplevingsturar med to andre rib-båtar på Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden. Men snart kjem nye, miljøvenlege farkostane, to båtar som får sjø under kjølen på slutten av sesongen. Dei legg mykje i dette prosjektet som dei meiner vil bli ein liten revolusjon, og få ein signaleffekt i tiltak mot utsleppsfri ferdsel på Verdsarvfjorden.

-Vi vil vere med å skape sporlaus ferdsel og satsar på ei utvikling som vi veit vil måtte kome, seier bonde på Ljøen og kaptein på offshorskipet Normand Installer, Frank Ole Bonsaksen. Rib-eigarane på Øvre Ljøen er såleis i forkant av vedtaket om utsleppsfri fjord innan 2026.

Daglege rib-turar

I dag har familieselskapet Bonseye daglege avgangar med rib-båt frå Hellesylt til Dei sju systre i Geirangerfjorden og tilbake. På desse turane går mykje av timen til å fortelje turistane om hendingar og om folket som budde og levde på desse fjord –og fjellgardane, seier Bente. Informasjonen er både på norsk og engelsk.

Rib-båtane Sunnylvsfjord og Korsfjord, begge med namn etter fjordar dei trafikerer kvar dag, får i løpet av året selskap av to nye elektriske rib-båtar i småbåthamna på Hellesylt.

-Det blir to kjekke båtar og vi gler oss til å ta dei i bruk. Men når ein utviklar noko nytt må ein vere tolmodige. Ting tek tid, legg Bente Bonsaksen til.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380