Vangsgutane med konsert på Ljøen

Bente og Ole Hjalmar Bonsaksen trur på mange publikum i konsertamfiet laurdag, mellom anna av cruiseturistar frå Arcadia Tre dagar før konserten er arenaområdet nyslått og klargjort.

Vangsgutane, ei gruppe på sju med folkrock-inspirert repertoar opnar utekonsertane ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi laurdag 15. juni.

Det har gått meir enn 25 år sidan Vangsgutane heldt sin fyrste konsert. Musikken har alltid vore inspirert frå Irland og Dei britiske øyar og blir ein gobit for alle som likar den sjangeren.

Billettar på nettet

Utanom Britt Elise Skram på fele består folkrock-bandet av menn, Gunnar Rafteseth trekkspill, Jørgen Wiik fløyter, Lasse Krogseth bass, Magne Steinsvoll på mandolin og banjo, Terje Bystøl Hansen trommer, og Karl Arne Frantzen gitar og vokal.

Arrangør er familien Bonsaksen på Øvre Ljøen og dei forventar mange til konserten. Det er sal av billettar på nett, på www.bonseye.org, der er prisen redusert med 25 % til 300.- kroner, men det er også høve til kjøp ved inngangen.

Ventar cruiseturistar

Også på cruisebåten, Arcadia som «ligg over» på Hellesylt frå laurdag til søndag får dei tilbod om billettar til konserten med Vangsgutane. Det fortel arrangøren som ventar både cruiseturistar og mannskap til konserten laurdag kveld.

På Øvre Ljøen er det gjetarhundshow på søndag, men konsertcampen som er gratis opnar alt fredag kveld med høve til grilling og kjøp av både vin og øl. Og for heile helga lovar vermeldinga godt med rundt 20 grader laurdag kveld.

Ei ny salsbod like inn til amfiet blir teke i bruk laurdag. Legg merke til det flotte skiltet som er skore ut av Bente hos vertsfolket

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380