Vann mot Hødd2 på Hellesylt stadion

Fire jenter er fast i spelarstallen til Sunnylven G14. Frå venstre Hanne Kjellstad, Sofie Kvamme Knutsen, Renate Grov Øksvang, Maren Frøysa Os.

G14-laget til Sunnylven kjempa seg til ein ny siger. På heimebane måndag kveld vann laget 6-4 over Hødd2 etter 5-1 ved pause.

Hellesylt stadion 3. juni.

G14 9-er

Sunnylven – Hødd2 6-4 (5-1)

Spelarar Sunnylven: Isak F. Hauge, Elias Helset, Olai Sætreås Kristoffersen, Ådne Kjellstadli, Renate Grov Øksvang, Hanne Kjellstad, Maren Frøysa Os, Sofie Kvamme Knutsen, Daniel Sæther, Sverre Martin Røyrhus, Ørjan F. Hauge, Emil Norangshol, Konrad Lade, Thomas Hole.

Mål Sunnylven: Sverre Martin Røyrhus 2, Thomas Hole 2, Hanne Kjellstad 1, Emil Norangshol 1.

Domar: Odd Even Svindseth, FK Sykkylven.

Sunnylven G14 toppar tabellen, føre Spjelkavik2, og Hødd2, men med ein kamp meir spela.

Måndag møtte dei raude og blå eit lag med storheit i namnet. Og gjestane hadde eit bra lag, sjølv om heimelaget kom best i gong og leia fortent 5-1 til pause. Det var tempo i kampen og Sunnylven lukkast best i denne omgangen.

I pausen hadde Hødd2 tydeleg vis bestemt seg for å ta igjen leiinga til heimelaget. Laget var svært farlege på kontringar, og gjestane donka inn tre mål utan at heimelaget fekk nettkjenning. Dermed var leiinga knappast mogleg.

Difor vart jubelen godt høyrbar då Emil Norangshol dundra ballen i mål fem minutt før slutt. Dermed stod det 6-4 til Sunnylven og fleire mål vart det ikkje.

Sunnylven sitt G14-lag er varierande i alder og fire jenter er i spelarstallen. Alle fire kan fotball, tøffe i taklingane og har kvalitetar gode nok. Mot Hødd2 skåra Hanne Kjellstad, slik ho gjorde også mot Ørsta/Hovdebygda for få dagar sidan. Måndag var alltid ei eller fleire av jentene med i spelet, og ein periode var alle fire på bana samtidig. Det fortel det meste om kor gode dei fire er.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380