Lokalnytt

Vellukka Storfjordstemne med godt frammøte

Med flagget til topps vart stemnefolket helsa vel møtt til garden Stokke i Oaldsbygda.

Årets Storfjordstemne på garden Stokke i Oaldsbygda samla tett på 500 unge og eldre. På alle måtar eit vellukka stemne der også veret synte seg frå ei god side.

Etter ein speilblank fjord og på god rås kom stemnefolket i stort antall til garden Stokke, i dag eit flåflytta gardsbruk, men med velhaldne bygningar, både våningshus og låve. Eit variert program, sal av rømmegraut og pølse med brød, og andre foreiningseffektar var tilbod stemnedeltakarane vart møtt med søndag 2. juni.

Det 44. stemne

Like inn til tunet på den nyslegne vollen kunne nyvald styreleiar i Storfjorden Venner, Inge Bjørdal ønskje vel møtt til sommarstemne, eit årleg tiltak heilt frå organisasjonen var skipa i 1975. Han ønska også heidersmedlemar i organisasjonen vel møtt og fleire av dei 12 var til stades. Og fleire skulle det bli utnemt under årets Storfjordstemne. Eitt heidersmedlem, Atle Ringseth hadde gått bort i slutten av mai, og forsamlinga heidre minnet hans med eitt minutt stillheit.

Fram møt 500 kom til Storfjordstemne i båt, dei fleste frå Hellesylt og Geiranger.

Storslagen natur

Inge Bjørdal heldt fram med å orientere om det storslagne landskapet som omkransa Oaldsbygda ytst i Sunnylvsfjorden. Han tok fram spesielt andre sida med Åkneset, ein stad der diktaren Henrik Ibsen hadde henta inspirasjon til boka Brand frå. Bjørdal fortalde også om Ljøen og det store arbeidet som er lagt ned der i restaurering av Postveien over Ljøbrekka, og om busetnad og virke i Oaldsbygda før fråflytting, dei siste i 1953.

Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa frå Stranda kommune og overrekte ein gåvesjekk.

Ordføraren helsa

Ordførar Jan Ove Tryggestad hadde hatt sauer på beite i Oaldsbygda i 13 somrar. Men så kom ein firebeint jeger som gjorde at det vart slutt, fortalde han. Han opplevde det som dei som budde der i eldre tid, knallhardt arbeid og ein kamp mot det ein ikkje alltid rår over. Men dei stod seg godt i Oaldsbygda, skattelister viste at dei hadde god økonomi.

-Utviklinga innhenta dei som budde her, det vart fråflytting. I dag kjem vi til ein nyslegen gard og velstelte hus. Og takka vere Storfjordens Venner finn vi mange slike fråflytta gardar langs Storfjorden, sa ordføraren.

Han var innom dei strenge reglane til utslepp for motorisert ferdsel som kjem. Her må vi finne den beste praksis og beste forvaltning av Verdsarven vi har fått oss tildelt. -Verdsarven er ikkje berre din og min, den er global, sa Jan Ove Tryggestad, som hadde med ein gåvesjekk til Storfjorden Venner som han overrekte til styreleiaren.

Lars Petter Knivsflå kjenner gardssoga på Stokke og fortalde interessant, og krydra med morosame historier.

Berga husa frå forfall

Lars Petter Knivsflå er eigar på garden Stokke. Under stemnet fortalde han om gardssoga, om folket som hadde livnært seg på garden. Han fortalde frå då han overtok garden om arbeid han hadde lagt ned med å berge både låven og våningshusa frå forfall. Her hadde snikkaren som er busett på Stranda, og i følgje han sjølv berre blir kalla Kniven av naboar og kjenninga, lagt ned mange arbeidstimar. Onkel til Lars Petter var Store-Kniven i Geiranger, ein kraftkar som lyfte og bar mykje meir enn alle andre.

Fekk tak i bjølleklaven og halen

Knivsflå hadde ikkje skrive noko tale, han brukte berre ein handlelapp frå Rema til nokre stikkord, sa han. Men han hadde gode historier å krydre med, mellom anna om kua på Knivsflå som skulle til okse i Geiranger. Ho måtte i båt og roast inn av to karar. Oksen gjorde jobben, og då dei nærma seg land igjen vart kua vilter då ho såg friskt grønt gras på land. Det enda med at båten kvelva og alle hamna i sjøen. Kua symde mot land, den eine karen fekk tak i bjølleklaven, den andre i halen. Dei kom velberga i land, fortalde Lars Petter Knivsflå.

Storfjordstemnet vart avslutta med allsong i «Fagert er landet» og med Kjartan Lied frå Liabygda som forsangar.

Andre programpostar.

Under stemnet vart det også orientert om arbeidet med å få reist eit strandsetarmonument, og det vart utnemnd to nye heidersmedlemer i Storfjordens Venner . Vi kjem tilbake med dette i eigne saker.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380