Verdensrekord med 66 basehopp på eitt døgn

Tom Erik Heimen, til venstre har fleire basehopp frå Helsetkopen i Sunnylvsbygda. Her saman med Cato Nordbakk etter nok eit vellukka hopp. (Foto frå arkivet)

Ved Hoven i Loen sette Tom Erik Heimen (43) fredag ny verdsrekord i tal basehopp gjennomført på eitt døgn. – Det var ei berg- og dalbane av kjensler, seier den nybakte verdsmeisteren.

Tekst: Marita Solheim, NRK Sogn og Fjordane

– Eg har førebudd meg lenge for å klare dette prosjektet. Det er ei stor utfordring både fysisk og psykisk, seier moldensaren som sette ny basehopprekord i Loen i Nordfjord.

Med 66 basehopp frå fjellet Hoven slo han den gamle rekorden til amerikanaren Miles Daisher, som hoppa 63 gongar frå ei bru på eitt døgn. Målet var å klare 70 hopp, men Heimen er på ingen måte skuffa.

– Det var vanskeleg vêr å hoppe i. Det kom både regn, tåke og vind på ettermiddagen. Eg måtte sette meg ned å vente fleire gonger, fortel han.

Ved midnatt fekk han eit par timar søvn, før han starta på igjen klokka halv fire om natta. Då var det framleis tjukk tåke.

– Var du nær å gje opp?

– Ja, eg sat på toppen og venta på betre forhold. Då var eg ganske lei, men eg visste at det ville bli betre utover i morgontimane, seier 43-åringen.

Om morgonen bestemte han seg for å gje full gass for å berge rekorden. Etter kvart var han oppe i seks hopp i timen. Like før klokka 14 fredag føremiddag kunne moldensaren endeleg kalle seg verdsmeister.

Undervegs i det vellukka rekordforsøket nådde basehopparen hopp nummer 2000 gjennom heile si karriere og enda dessutan på talet 2019 då han var ferdig.

– Det var litt artig og faktisk heilt tilfeldig, fortel moldensaren lattermild.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380