Lokalnytt

Bonseye ønskjer å kjøpe kaihuset

Bonseye ønskjer å kjøpe kaihuset på Hellesylt når leigekontrakta går ut i mars neste år.

I eit brev til ordførar og Stranda formannskap skriv Bonseye ved Bente og Frank Ole Bonsaksen at dei ønskjer å kjøpe kaihuset på Hellesylt.

Firma Bonseye har frå våren 2018 leigd kaihuset på Hellesylt av Stranda kommune, ein leigeavtale som varer fram til mars 2020. I tida fram til no har leigarane gjort vedlikehald og pussa opp det som før var venterom og kiosk til utleigekontor for daglege guida rib-turar på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Lagerdelen i bygget har fungert som oppbevaring av naudsynt utstyr til drift av båtane, drakter, redningsvestar og meir, skriv søkjar og legg til. –Vi ser det som viktig å få til ein auke i reiselivssatsinga i bygda vår.

Som tidlegare meldt på www.hellesylt.info satsar familieselskapet Bonseye stort på utvikling av elektriske rib-båtar. Miljørestriksjonar som vil kome mellom anna i Verdsarvområdet vil påverke alle næringsverksemd innan reiselivet, også båttrafikk på fjordane. Difor har Bonseye i samarbeid med andre jobba fram ny elektriske rib-båtar. Desse rib-båtane kjem på slutten av sesongen i år, og vil vere i drift frå 2020, skriv søkjar.

Med dei nye båtane blir det ei dobling av antall drakter og utstyr i høve til i dag. Det er difor ekstra viktig å behalde kaihuset som ein god base på Hellesylt, skriv Bente og Frank Ole Bonsaksen i søknaden til Stranda kommune.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380