Lokalnytt

Dag for sol –og badeglade

Ein ny, strålande sommardag på indre Sunnmøre. Temperaturar rundt 30.0 på land og 18.0 – 20.0 i sjøen lokka til yrande folkeliv på badestranda på Hellesylt.

Etter ein kjapp runde til badestranda tysdag 30 juli kunne vi registrere svært mange soltilbedarar på badestranda på Hellesylt. Alle solsenger til HUL var i bruk, og behovet for fleire var til stades. Men eit pledd på ein grøn, tørr bakke var også ei god løysing mange nytta.

Også i sjøen var eit yrande liv. Om det var fjøre eller flo sjø betydde visst ikkje så mykja, det var vassande, symjande, trøbåtar var i bruk, og fleire tøffingar kasta seg ut frå stupetårnet både frå sju og ti meter til solid plaskelanding i Sunnylvsfjorden.

Ein ny strålande dag for unge og eldre sol –og badeglade, men kor lenge vare det.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380