Delevis ny rås til Nausane

Her like ved fylkesveg 60 i Ørskogkvia startar trimturen til både på Nausane og Svarthammaren

I samband med BKK sitt arbeid med ny høgspentlinje vart råsa til Nausane oppkøyrd og dårleg for turgåarar. No har trimgruppa i Sunnylven IL merka ny trase til trimposten.

Alle foto: Gunnar Fivelstad.

Etter at nedre del av råsa til trimposten på Nausane vart oppkøyrd under linjearbeid i vår, har Rune Hole i trimgruppa rydda og merka ein ny trasé. Den går frå råsa til Svarthammaren over grova (Kremarjølgrova) og inn igjen på råsa til Nausane. Sjå merka raud stipla linje på vedlagt kart.

Ein brukar same utgangspunkt som turen til Svarthammaren, i Ørskogkvia på vestsida av fylkesveg 60 ved Trygg Trykk, og dette er no merka som ny rås til Nausane.

Også «Start-skiltet» til StikkUt-turen til Nausane er flytta til Ørskogkvia og råsa er merka med raudt.

Den nye råsa er godt merka, og god å gå, får vi opplyst. God tur!!

Oppe i furuskogen er det nye «råskrysset», godt merka

Råsa kryssar Kremarjølgrova

Anbefalt ny rås til venstre og ny rås merka rødt mot Nausane

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380