Delte ut 322.000.- i Teft-middlar

Banksjef Stig Tryggestad hadde med god økonomisk drahjelp til friviljug arbeid då han under Hellesyltdagane stadfesta at Sparebanken Møre også i år overfører store beløp Teft-middlar til lag og organisasjonar.
Det har blitt tradisjon at Sparebanken Møre deler ut støtte til lag og organisasjonar på slutten av Hellesyltdagane. Slik vart det også i år då banksjef Stig Tryggestad inntok utescena for å stadfeste banken si støtte. –Ein god tradisjon, og utruleg kjekt å kunne bidra til å hjelpe i arbeidet dei utfører, sa han.
Fleire lag og organisasjonar hadde søkt, og mange hadde fått beløp dei hadde søkt om. Men på direkten vart beløpet til Sunnylven skulekorps auka. Banken hadde forstått at korpset runda 40 år i år og hadde innstilt på 40.000.-. Men så viste det seg at korpset var 50 år, så dermed auka banksjefen beløpet til 50.000.- på direkten på utescena, eit vedtak som fekk applaus frå den talrike forsamlinga.
Desse fekk Teft-middlar i Sunnylven frå Sparebanken Møre:
Foreldreforeininga for Sunnylven Barnehage. Huskestativ og solsegl: 50.000.-
Sunnylven Pensjonistlag. Lokal markering av eldredagen 20.000.-
Sunnylven skulekorps. 50 års jubileum 50.000.-
Stiftinga Hellesylt Bygdetun. Restaurering av gamal stove 50.000.-
Støttegruppa Sunnylven Bibliotek. Forfattarbesøk 15.000.-
Hellesylt songlag. Mikrofonar og forsterkar 7.000.-
Sunnylven IL, skiskyttargruppa. Blinkskot i Sunnylven 70.000.-
Gamleskulen aktivitetsmuseum. El-installasjon og utbetring bjelkar 20.000.-
Hellesylt Ungdomslag. Kjøp av solsengar 40.000.-
Joyful. Innkjøp av div. utstyr 10.000.-
Fjellrosa 4-H 20.000.-