Fekk måleri som takk

Inge Bjørdal og Marianne Fivelstad frå arrangøren overrekte programleiar Per Helge Frøysa, til høgre eit måleri som takk for innsatsen.

Programleiar på utescena i fleire timar både laurdag og søndag, Per Helge Frøysa presentere innslag og informere publikum. Søndag fekk han gåve frå arrangøren.

Etter andesleppet søndag som var siste innslag under Hellesyltdagane, hadde arrangøren ei gåve, eit måleri til programleiaren Per Helge Frøysa.

Inge Bjørdal stod for overrekkinga og sa at som i fjor hadde Per Helge Frøysa leia programmet frå utescena svært godt. I vaksen alder flytta han ut, men ønska å gje noko tilbake for det verdfulle han hadde fått med seg frå oppveksten. Difor har han sagt ja til programleiarjobben to år på rad. Å vere programleiar på utescena under Hellesyltdagane krev mykje, det er mykje å setje seg inn i og halde styr på. Men Per Helge Frøysa hadde gjort det på ein god måte, i år som i fjor, og komiteen ville takke han med å overrekke eit måleri av Anne Marie Bjørdal, sa Inge Bjørdal.

Gåva kom overraskande på mottakaren, men han vart tydeleg glad for den flotte påskjønninga. Han takka så mykje, og la til framfor ei forsamling som talde eit par tusen personar; -Eg er glad i dokke alle!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380