LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2019

Flott konsert opna Hellesyltdagane

Konserten med artist Ingebjørg Bratland og musikarane Syver Storskogen t.v. og Øyvind Blomstrøm vart ei stor oppleving for ei fullsett kyrkje.

Årets Hellesyltdagar opna med konsert i Sunnylven kyrkje fredag kveld. Her imponerte artisten Ingebjørg Bratland og musikarar ei fullsett kyrkje.

Gullstrupa frå Vinje i Telemark har vore både på Stranda og i Geiranger tidlegare, men aldri på Hellesylt. Å besøke også Hellesylt var på tide, meinte Ingebjørg Bratland.

Og mange var nok svært glade for at arrangøren hadde sikra seg nettopp Ingebjørg Bratland til opningskonserten. Ei fullsett kyrkje gav høyrbart til kjenne at songar og framføring fall i smak.

På repertoaret stod mange kjente, men også mindre spela, men flotte songar. Og kanskje vart historia bak songen «Bror» litt spesiell, der foreldra til Ingebjørg bestemte seg for å ta til seg to gutar som trong omsorg. På null komma niks fekk ho seg to brør, sa Ingebjørg, ei historie som vart til ein song ho hadde skrive sjølv.

Ingebjørg Bratland har ei stemmeprakt det knappast finst maken til. Geir Frøysa frå arrangøren Hellesylt Ungdomslag karaktersette konserten med orda til Samaranch; «The best ever». Dei ljose, rullande tonane fylte kyrkjerommet og rørte og begeistra til blanke auge hos fleire. Bidrog til ei fantastisk konsertoppleving gjorde også musikarane Syver Storskogen på tangentar og Øyvind Blomstrøm på gitar.

Fredag kveld var vi til stades på ei ny konsertoppleving i Sunnylven kyrkje. Mange flotte songar vart framført, mellom dei ein gamal salme i nyare toneprakt der artisten «leika» seg både høgt og lavt på det medfødde instrumentet.

Ingebjørg Bratland var glad for å få opptre i 160-år gamle Sunnylven kyrkje, langkyrkja som minte mykje om kyrkja heime i Vinje, sa ho. Og ho rosa publikum som gav til kjenne si begeistring i applaus, også heilt til ekstra songinnslag var framført.

Om to dagar er det ny konsert på Tjøme, deretter Rosendal og fleire andre stader før det blir sommarferie på musikarar og artisten frå Vinje.

Som til tidlegare artistar under kyrkjekonserten fekk Ingebjørg Bratland overrakt eit bearbeida saueskinn frå fjellgarden Øvre Ljøen, ei gåve ho sette pris på.

Ingebjørg Bratland.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380