Lokalnytt

Folketonar og rjomegraut på olsokstemne

Oline Løvlid underheldt med folketonar og forteljingar på olsokstemne i Bygdetunet. (Alle foto: Lars Fivelstad)

Oline Løvlid frå Hornindal var gjest under programdelen på årets olsokstemne i Hellesylt Bygdetun. Der var også andre innslag, og sal av rjomegraut.

Frå Astrid Langeland.

Sommarveret strålte og rjomegrauten smaka godt då Venneforeininga i Hellesylt Bygdetun inviterte til tradisjonelt olsokstemne. Oline Løvlid frå Hornindal var gjest under programmet og framførte lokale folkesongar og tonar. Som tradisjonsberar av slik song og musikk har Oline Løvlid fått fleire utmerkingar, mellom anna Kongens fortenestmedalje.

På uteområdet i Bygdetunet fekk rundt 40 frammøtte høyre henne i kulturskatten som ho har lært seg. Ho fortalde og fletta det heile saman med folketonar, salmar og viser. Oline Løvlid framførte også ein song som var laga til dei to spelemennene Iver og Ola Kjellstad, og der det heitte mellom anna at Kjellstad-karane spela best.

I konkurranse med fleire andre arrangement i nærområdet var frammøtet litt mindre enn vanleg denne gongen. Arrangøren baud som vanleg på sal av rjomegraut, kaffi og kaker, og det var tombola. Allsongen under olsokstemnet vart leia av Anne Marie Frøysa og Oline Løvlid, og stemneleiar var Odd Jostein Bjørdal.

Rjomegraut, kaffi og kaker er tradisjonsmat når Venneforeininga inviterer til olsokstemne i Bygdetunet.
Styremedlem i arrangørforeininga, Odd Jostein Bjørdal var stemneleiar. Han kunne ønskje velkomen til det 22. olsokstemnet i ei ubroten rekkje sidan 1998.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380