Foreslår nytt, tydeleg sentrum i Hellesylt

Her er vår plan for stadutvikling på Hellesylt, seier dei to arkitektane Tora Vollset til venstre, og Anna Van Der Zwaag.

Hellesylt bør få eit meir tydeleg sentrum, eit nytt bygg med servicefunksjonar og ny busshaldeplass. Det foreslår to nyutdanna arkitektstudentar frå NTNU i Trondheim.

 Tora Vollset og Anna Van Der Zwaag kom til Hellesylt i januar for å jobbe fram si masteroppgåve ved NTNU i Trondheim. På Hellesylt ville dei lage ein plan som handla om stadutvikling, og med eit heilt nytt bygg til viktige tenester.

Frå «arbeidskontoret» sitt i Sparebanken Møre gjorde dei seg kjende på Hellesylt, og med kommunale planar. Under Hellesyltdagane i juli vart den ferdige og godkjende masteroppgåva presentert både på stand og ute på storskjerm for eit talrikt publikum. Anna Van Der Zwaag og Tora Vollset gjekk gjennom detaljar dei hadde baka inn i si stadutvikling dei hadde kalla: «Hellesylt: nye fortellinger».

Å rive eit bygg for å bygge noko anna var gamaldags stadutvikling, sa dei to og var tydelege på at eit renovert Grand Hotel framleis burde ha sin plass i området.

Bygdestove

Men det var eit nytt tydeleg sentrum som var hovudessensen i planen. Dette sentrumet burde etablerast mellom skulen og butikken Coop Marknad. Framfor Coop var innteikna eit nytt langt bygg, ei bygdestove kalla dei det. Den skulle innehalde servicefunksjonar som turistkontor, som Hellesylt manglar, ein kafe, kontor og møterom. Veggane skulle vere mykje glas slik at det var ljos og utsyn frå butikken. Bygget var planlagt slik at materiale og bygging kunne vere levert og utført av lokalt arbeidsliv.

Ny inngang til kunstsenteret

På plassen framfor hadde dei to arkitektane plassert busshaldeplass, markert med mellom anna ei anna type vegdekke. Det var innteikna ny inngang til Peer Gynt galleriet frå sentrumsplassen, og også andre bygg i «gamle» Hellesylt sentrum var foreslått ny eller fornya bruk av. I alt 15 intervensjonar var tenkt gjort på Hellesylt etter planen, og alle kunne gjerast uavhengig av kvarandre.

Utnytte ledige hus

Hellesylt har mange hus som står tome store deler av året. Å skape eit integrert bygdehotell av desse med utleigekontor i den nye bygdestova, ville vere ein god måte å få dei utnytta på, meinte dei to.

Masteroppgåva i arkitektur hadde alternativ strategi og utvikling av Hellesylt sentrum, og eit konkret forslag til ein ny, tydeleg samlingsplass for bygda i sentrum. -Ta utgangspunkt i det eksisterande er ein god måte å drive stadutvikling på, sa Tora Vollset og Anna Van Der Zwaag.

I Sparebanken

Beskrivelse og modellar av dei nye tankane kring stadutvikling på Hellesylt er plassert i Sparebanken Møre sine lokale på Hellesylt. Her kan alle sjå og lese oppgåva. Den vil også bli presentert for kommunal leiing, og dei to arkitektane bak det spanande prosjektet ønskjer at oppgåva med modellar skal bli på Hellesylt i framtida.

Ein modell av det nye bygdestova. Du kan sjå alt utstilt i lokala til Sparebanken Møre på Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380