Gjorde framlegg om løyving til sansehage
Sansehagen på uteområdet ved Sunnylven omsorgssenter er ikkje ferdig grunna mangel på pengar. I august skal Stranda kommunestyre seie ja eller nei til eit framlegg frå Egil Røyrhus (Sp) om ei løyving på 350.000.- til prosjektet.
Ein komité med Reidar Brekke, Randi Nybø Ringdal, Jorunn Trøen og Egil Jarle Frøysa arbeidde i 2016 med planar for uteområdet framfor hovudbygget og dei frittståande bueiningane ved Sunnylven omsorgssenter. Alt då var saka gamal, for økonomi hadde stoppa arbeidet. Planen var at det skulle opparbeidast gangvegar, byggjast ein paviljong og plantast på området som vender mot småbåthamna og sjøen.
Dei tre siste åra har ingen ting skjedd grunna ein stram kommuneøkonomi, men i 2018 kom Stranda kommune ut med eit godt netto resultat i rekneskapen, og kommunen var ute av Robek-lista i juni 2019. I kommunestyremøtet i juni kom representanten Egil Røyrhus (Sp) med framlegg om at det skulle løyve eit tilskot stort kroner 350.000.- til opparbeiding av sansehagen ved Sunnylven omsorgssenter. Framlegget vart støtta av fleire i kommunestyret, og framlegget vart vedteke oversendt formannskapet. Det er venta at saka kjem opp til endeleg avgjerd i kommunestyret sitt møte i august.
Egil Røyrhus seier til hellesylt.info at arbeidet med å gjere ferdig sansehagen ved omsorgssenteret har drege ut alt for lenge. Planane ligg der så no må arbeidet kome i gong. Dette både for at bebuarane skal få eit vakkert og triveleg område å bruke og møtast på, men også for at dei mange lag og privatpersonar som har gjeve pengegåver til nettopp dette prosjektet skal få sjå at gåva blir brukt til det den var tenkt, seier Egil Røyrhus.