God fyrsteslått i Sunnylven

Alt tyder på at det blir eit godt grasår i Sunnylven, slik som i 2014 der dette bilde med ho-slått på Fivelstad er henta frå.

Fyrsteslåtten var god for bøndene i Sunnylven. Og mykje tyder på at også ho-slåtten blir grøderik om veret framover blir av det normale slaget.

Sunnylvs-bøndene kan glede seg over gode grasavlingar i år, seier leiar i Sunnylven bondelag, Peder Hellebostad. Det var nesten ikkje overvintringsskader på engarealet, og nok nedbør i vår gav tett grasvekst. Alt tyder på at også andreslåtten blir god, for temperatur og nedbør har gjeve god gjenvekst, seier Hellebostad.

Samanlikna med i fjor då tørke tok knekken på fyrste avling har det nok blitt dobbel avling i år for dei fleste. Det blir eit normalår, og vel så det, trur bondelagsleiaren.

Konserveringsmåten av vinterforet for husdyra er mykje rundbalgar, men også fleire brukar forhaustaren og legg graset i silo. Også tørrhøy blir køyrd i hus av enkelte, ikkje frå hesjar, men tørka på bakken med hjelp frå sola.

-Rundbalgar er ein effektiv måte der store areal blir hausta på kort tid, og det er ein fordel i ustabilt ver. Men auka miljøavgifter på plast har ført til auka kostnader med denne haustemetoden, så difor har mange bønder i Sunnylven, og også andre stader i landet brukt forhaustaren. Bondelaget står for ei returordning av landbruksplast og bønder er flinke å levere inn. Men oppkjøparar av plast til resirkulering har vist lita interesse i år, og dermed veks plastberget. Her er noko med avgiftssystemet for returplast som ikkje fungerer, meinar Hellebostad.

Å få unna slåtten når veret er lagleg er viktig. Då er rundbalging ein god haustemåte, seier Peder Hellebostad. Men ein ting er bondelagsleiaren sikker på; Forhaustaren blir i bruk i norsk grasproduksjon i overskueleg framtid.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380