Gratis bøker frå Stranda Sogelag

Stranda sogelag er utgjevar av Bygdeminne. I 2018 kom den 35. utgåva.

Stranda Sogelag har rydda og funne at det er eit stort lager av diverse utgjevne bøker. No vil Sogelaget dele ut bokpakkar til skulane, og andre under Hellesyltdagane.

I staden for at dei berre skal ligge der, vedtok styret i Sogelaget på siste styremøte at laget skal gje ein bokpakke til skulebiblioteka i kommunen. I tillegg vil dei også gje bokpakke til omsorgsbustadane dersom dei ønskjer det.

Nokre bøker er det så stort lager av at under Hellesyltdagane vil det bli lagt ut gratis bøker på laget sin stand. Då vil det bli først til mølla og så vidare… Her er det mogleg å få ein skikkeleg godbit, skriv Stranda Sogelag i ei melding til www.hellesylt.info

Stranda Sogelag og Stranda Mållag har felles stand (8) inne på samfunnshuset framfor scena.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380