Innslag frå utescena

Mykje song og musikk frå utescena friska opp stemninga under Hellesyltdagane, men også andre innslag som lokalpolitisk debatt hadde sin plass i programmet.
Det lokale dansebandet Fossedur sette standard for det publikum fekk oppleve på Ole Ringdals plass laurdag og søndag. Olav Elling Gausdal, Knut Hanssen, Oddvar Gausdal, Bjarne Sjåstad og Jostein Ringdal «svinga» opp med både norske og internasjonale låtar.
Og like etter kom ungdomsbandet KILT med minst like livfulle musikkinnslag, bandet som har kome langt i Ungdommens kulturmønstring siste to åra.
Arrangøren hadde også ein ekstra gobit til slutt laurdag, gratiskonserten med visesongar Lars Martin Myre. Den burde enno fleire fått med seg så kanskje var ikkje tidpunktet godt nok informert om på førehand.
Ny dag søndag
Søndag var det Veslefrikk, eller Skapia-innslaget til dei yngste elevane ved Sunnylven skule som opna det musikalske. Ein høgst spesiell komposisjon, men som kom til finalen, og som publikum på Ole Ringdals plass også smile og applauderte for.
Jarl Eirik Larsen Frøysa heiter eit sjeldan flott musikktalent. Søndag vart det godt ein halvtimes konsert med song, og musikk frå eigne tangentar, låtar som mor hadde valgt ut, sa Jarl Eirik. Vi lika best ein med norsk tekst, Det vakreste som finns, av Jan Teigen.
Konsertar og musikk frå scena vart avslutta av Moyka med vokalist Monika Engeset, og band.
Ibsen-app og Designveg
På Ole Ringdals plass orientering lærar Ole Bjørn Hjellegjerde om den nye Ibsen@Hellesylt, ein app utarbeidd av elevar ved Stranda vidaregåande skule. Appen kan lett lastas inn på mobiltelefonar, mellom anna frå skilt på cruisekaia og ferjekaia på Hellesylt. Det er søkt om å få opp eit same skilt på utkikkspunktet på Ljøen, men her er søknadstida tre månader, vart det opplyst.
Inge Bjørdal fortalde om Designvegen, eit opplevingsprosjekt som strekkjer seg gjennom kommunane Sykkylven, Stranda, Hornindal og Stryn. I Sunnylven kjem fleire opplevingar med, Peer Gynt galleriet, Øvre Ljøen fjellgård, Ljøbrekka, Sunnylven kyrkje, og Ibsen app. På Stranda blir møbelutstilling i P.I. -bygget ein av attraksjonane. Målet er å søkje om å få fylkesveg 60 som ny nasjonal turistveg, sa Inge Bjørdal. Les meir på www.designvegen.no