Klart for olsokstemne Bygdetunet

Olsokstemne i Hellesylt Bygdetun har etter kvart blitt ein årelang tradisjon som blir fylgd opp laurdag 27. juli. Det blir servering av tradisjonsmat, og Oline Løvlid frå Hornindal fortel og underheld med folkesong.
Styret i Venneforeninga er svært glade for at Oline Løvlid frå Hornindal deltek på olsokstemnet i Bygdetunet laurdag 27. juli. Oline har vunne mange stipend og prisar, og i 2016 fekk ho Kongens fortenestmedalje. Av andre utmerkingar har ho vunne kulturprisen for Hornindal kommune og folkemusikkprisen i Sogn og Fjordane, og ho har 1. premie på landskappleik.
Under olsokstemne vil ho framføre lokale folkesongar og -tonar, både frå Sunnmøre og Nordfjord. Noko har ho laga sjølv, bygt over lokale personar og hendingar, men for det meste veit ein ikkje verken komponist eller forfattar. Det blir barnesongar, viser, salmar og meir, og ho har lagar eit opplegg der ho inviterer publikum til å vere aktivt med om dei vil.
Oline har lært med eldre folkesongarar og frå opptak, ho har samla lydopptak sidan 1989 og gjort mykje av det til lokalt tilpassa undervisningsmateriell. Ho held kurs i folkesong i barnehagar, skular og høgskular og underviser i folkesong ved Hornindal kulturskule.
Oline Løvlid held konsertar åleine og i lag med andre. Laurdag 27. juli blir ho å høyre under olsokstemnet i Hellesylt Bygdetun. Arrangøren i «olsoktunet» håper at mange vil kome for å høyre Oline frå nabobygda Hornindal, og til sal av rjomegraut, kaffi og kaker. Det blir også allsong og utlodding, i det heile ein triveleg ettermiddag.
Alle er hjarteleg velkomne! I tilfelle regn blir samlinga i løa.