Målrik innleiing i undervannsrugby

Siri Korsbrekke og det Norske kvinnelaget i VM undervannsrugby har knust all motstand i tre innleiande kampar. 100 – 0 er målskilnaden.
Siri Korsbrekke er spelar på det norske VM-laget i undervannsrugby og kjem frå Ålesund som to andre på laget. Men toppskåraren for Norge så langt har sine familieband til Korsbrekke i Sunnylven der slekt far-sida kjem frå.
Og sporten er ikkje ny for Siri, ho har delteke både i norske og andre meisterskapsbasseng tidlegare. I år går VM i Austerrike og der har laget fått ein eventyrleg start på meisterskapen. I fyrste innleiande var Italia motstandar og der vart det siger 32-0. Her skåra Siri seks mål, og klubbveninna frå Ålesund Cecilie Skåre fire mål. Den tredje på laget frå Ålesund er Gerd Anne Sollibakke.
Norge sin andre kamp var mot debutant Storbritannia. Dei vart nærmast «drukna», og tapte heile 52-0. Siri og Cecilie laga begge fire mål kvar.
I tredje og siste innleiande mot Australia vart sigeren 16-0. Dermed vart målskilnaden etter tre innleiande kampar utrulege 100 – 0.
No ventar tøffare motstand, skriv Siri Korsbrekke til hellesylt.info. På onsdag 31. juli er Sverige motstandar klokka 17.00. Blir det siger der er det semifinale, kanskje mot Colombia. Som dei beste laga er rekna Norge, Tyskland, Colombia og Finland, skriv Siri Korsbrekke.