Metta mange munnar

Anne Ringdal Hjelseth sytte for at der var eit godt utval av brød og pålegg på frukostbordet

Nær 600 personar kom innom gratisfrukosten laurdag morgon under Hellesyltdagane. Hellesylt Næringslag i samarbeid med fleire stod bak serveringa.

Det var eit velsmakande måltid som vart tilbydd i teltet på Ole Ringdals plass til alle som hadde starta turen til Hellesylt tidleg laurdag morgon. Der gjekk grovt brød, pålegg, kaffi, juiz og frukt unna i store mengder. Mellom 5 – 600 personarvar innom, fortalde Anne Ringdal Hjelseth, ei av fleire som hjelpte med serveringa.

Det var bedriftene Norsk Sjømat, Stabburet, Ole Ringdal AS, Joker og Coop som spanderte gratisfrukosten under Hellesyltdagane denne gongen.

Etter rundt to timar som hjelparar var det tid for eigen frukost for Olene Lade t.v. og Madelen F. Hauge.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380