Morgan Berg vert sjømannsprest

Sokneprest i Skodje, Morgan Berg blir sjømannsprest dei komande åra.

For fjerde sommaren på rad var det Morgan Berg som søndag under Hellesyltdagane heldt gudstenesta på Høgreiten, ein gammal buplass høgt over Sunnylvsfjorden.

Tekst/Foto: Lars Fivelstad.

Med seg hadde han Ann Kristin Langeland som tekstlesar og Gunnar Inge Eide og to av sønene hans sytte for tonefylgje til salmane.

Morgan Berg kjenner godt kyrkjelyden i Sunnylven frå tidlegare teneste som vikarprest her, og også som Verdsarvprest, og det var godt frammøte under gudstenesta.

Men no kan det kanskje gå ei stund før den avhaldne presten held gudsteneste i Sunnylven igjen. Morgan har nemleg fått stillinga som sjømannsprest i San Fransisco i USA og vert der i alle høve i tre år framover.
Etter gudstenesta takka prost Svein Runde i rosande ord Morgan for det gode arbeidet han har lagt ned i kyrkjelydane i vårt sokn og også som noverande sokneprest i Skodje.

Prost Svein Runde var til stades under friluftsgudstenesta på Høgreiten. Han takka Morgan Berg for tenesta i Austre Sunnmøre prosti så langt.

Kyrkjegåarane på Høgreiten talde mange også i år under Hellesyltsdagane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380