Namneskilt med Ringdalen på plass

I sommar er det kome opp nytt skilt som viser namnet Ringdalen, og med underskilt til brannstasjon og barnehage.

Om Ringdalen skulle skrivast med eller utan g fekk si tilråding i desember i fjor. No er skilt med gardsnamn og underskilt kome på plass i vegkrysset på Reset.

Namnesaka for gnr. 90 i Sunnylven enda med g og Ringdalen. Skilt er kome på plass ved fylkesveg 60 i vegkrysset på Reset, og underskilt viser også veg til brannstasjon og barnehage.

Denne namnesaka har versert i fleire år. Mange skrivemåtar var oppe og ei tilråding var at namnet skulle vere utan g. Rindalen vart også trykt på eit turkart til Stranda kommune.

Men etter fleire protestar kom namnesaka opp på nytt, og i desember kom Språkrådet i Møre og Romsdal med si uttale der dei rådde til at skrivemåten burde vere Ringdalen med g. Slik har det blitt, noko skiltet i vegkrysset til gnr. 90 i Sunnylven viser.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380