Lokalnytt

Ny god artist til Ljøen

Natalie Sandtorv. (Pressefoto)

Laurdag 27. juli står Natalie Sandtorv på utescena i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Billettar til konserten kan ein kjøpe på nett til 25 prosent reduksjon, eller ved inngang.

I 2016 fekk Natalie Sandtorv prisen «Årets Jazztalent» frå Moldejazz og Sparebank. Den prisvinnende vokalisten Natalie Sandtorv har dei siste åra etablert seg på den Europeiske musikkscenen som ein av dei råaste artistane å møte live!

Med store produksjoner i magiske atmosfære har artisten som er født og oppvaksen i Ålesund trollbunde publikum på både jazzscener, andre kommersielle scener, og festivaler som Jugendfest, Moldejazz, Trondheim Calling, Canal Street.

I 2017 kom debutalbumet “Freedom Nation” som mottok fantastisk tilbakemelding fra presse. Dei siste to åra har Natalie med band turnert Europa med godt over 40 konserter, og ho har gjort samarbeid og bestillingsverk med trompetist Nils Petter Molvær.

Arrangementet på Øvre Ljøen laurdag 27. juli startar klokka 18.00 med div. sal av forfriskingar, og konserten er i gong frå ca. 20.00

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380