LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2019

Opna Hellesyltdagane

Styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Olav Bratland opna dei 32. Hellesyltdagane laurdag.

Olav Bratland, tidlegare fylkesordførar og ordførar i Stordal, og no styreleiar i Stranda Hamnevesen KF opna Hellesyltdagane 2019 på laurdag. Han gav sunnylvingane eit godt skussmål.

Eg er blitt glad i Sunnylven og Hellesylt, sa Olav Bratland då han entra utescena laurdag for å opne dei 32. Hellesyltdagane. Som embetsmann hadde han vore med å jobba fram rassikring på Ljøvegen og klipt snora for nye Streketunnelen. Som styreleiar i Stranda Hamnevesen har han også hatt med sunnylvingar å gjere i ei bygd med verdiar som er gode å ha i framtida. Men det er viktig å ta dei grep som krevst, dei må ein ta sjølve, sa Bratland.

Han meinte at vår Herre hadde hatt ein god dag då han skape Sunnylven. Fjordar fjell og alt det andre var som magneten på turistar frå fjern og nær. I eit område han hadde lært å kjenne låg cruisekaia, eit viktig bruhovud for framtida om ein tok dei moglegheitene som den kunne gje.

Men miljøkrava ville bli strenge for båttrafikk, så utfordringa ville bli å få cruisetrafikken til Hellesylt. Det måtte søkjast dispensasjon i eit samarbeid mellom både Stranda, Geiranger og Hellesylt, noko Hamnevesenet ville jobbe for å få til, sa Bratland.

Bratland hadde også merka seg dugnadsiveren som rår i Sunnylven. -Ta vare på den, vi lukkast alle best med å jobbe i lag. I store byar forsvinn folk sin innsats, i Hellesylt som er eit lite samfunn blir innsatsen sett. Og her har vi eksempel på folk som har skapt mange arbeidsplassar. Gje dei eit klapp på skuldra, det fortener dei. Olav Bratland ønska lukke til med dagane og erklærte dei 32. Hellesyltdagane for offisielt opna.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380