Oreskogen angrepen av soppsjukdom
I juli fekk oreskogen i Sunnylven ein brunfarge, eit angrep av soppsjukdomen orerust var i gong. Brunfargen vil auke ut over i august og september, men vil neppe ta knekken på oretrea for godt.
Orerust (Melampsoridium hiratsukanum) er en rustsopp og vekslar mellom treslaga or og lerk som vertar, og den er ein nær slektning av bjørkerust. For bjørkerust er det antyda at soppen kan overvintre i bjørkeknoppane, noko truleg også orerust kan gjere. Etter overvintring i oreknoppar kan den vekse inn i oreblad og danne sporar som igjen kan infisere nye oreblad, står å lese på Artsdatabanken.
Orerust vart fyrste gong registrert i Japan i 1927. Soppsjukdomen kom til mellom-Europa i 1997 og snart også til dei Skandinaviske landa.
Ut frå rapporterte funn i land i Europa ser orerust til å kunne spre seg fort over lange avstandar, den har eit svært stort invasjons- og spreiingspotensiale. I Norge blei den fyrste gong funne i Ås i 2001. Spreiinga over sørlige Norge skjedde på 1-2 år. Deretter fekk andre deler av landet kjennskap til soppen heilt opp til Vefsn i løpet av 2-3 år. Nordlegaste funn no er Sagvika i Sørfold, Nordland.
Orerust har vore i Norge i minst 16 år. Dei siste åra har ikkje angrepa vore så sterke, men ut frå fargen på oreskogen kan angrepet i år vere av dei kraftigaste. Men for alle som håper på grøn skog også neste vår så fortvil ikkje. Sidan «angrepet» kjem så seint på sommaren blir den økologiske påverknad berre moderat, kan ein lese hos Norsk institutt for skog og landskap.