Lokalnytt

Såg rådyrbukk i Holedalen

Per Svein Hole såg ein rådyrbukk i Holedalen. Mest vanleg storleik på rådyr er 22.0 – 30.0 kilo og har ei skulderhøgd på ca. 80 centimeter. (Google-foto)

Sist søndag vart det observert ein rådyrbukk i området like ved parkeringsplassen ved brua i Holedalen. Per Svein Hole rakk ikkje å ta bilete, men er sikker på at det var eit rådyr.

-Vi stod ved parkeringsplassen og prata med ei dame som hadde bubil då vi om lag hundre meter lenger heime fekk sjå eit ukjent dyr kome gåande. Vi rakk ikkje å ta bilete av dyret før det forsvann i skogen, men etter å ha googla er vi sikre på at det var ein rådyrbukk vi såg, skriv Per Svein Hole på sms til hellesylt.info.

Ann Janne og Per Svein Hole har eitt av sine sommareldorado på sætra i Holedalen og kjenner det meste av dyreslag i området. Rådyr har dei ikkje rapportert om før, så denne observasjonen var vel ny. Om andre har sett rådyr i området er vi interessert i opplysingar og gjerne bilete.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380