Sjukeheimsplassar inn i valkampen
Under den politiske debatten på scena under Hellesyltdagane kom Frank Sve, Frp inn på sjukeheimsplassane på Hellesylt som han hevdar blir lagt ned. Dette er bløff, seier ordføraren.
I debatten sa gruppeleiar for Frp, Frank Sve at ei gruppe arbeider med eit framlegg om nedlegging av sjukeheimsplassane i Sunnylven. På facebook gjentek Sve påstandane, men forsikrar at Frp vil arbeide for at det ikkje skjer.
«I fleire formannskapsmøter har forslaget om å nærmast rasere pleie og omsorgstilbodet både på Hellesylt og på Stranda blitt orientert om.
Sjukeheimsplassane på Hellesylt er planlagt lagt ned, likeså halvparten av Sjukeheimsplassane på Stranda.
SP representantar i formannskapet lovprisa arbeidet og var hoderystende over at underteikna var så imot dette.
Sjølvsagt veit vi at dette arbeidet er tungt forankra i dagens politiske leiing og fleirtal, som også har muligheita til å stoppe dette», står å lese på facebook.
Sve skriv at også 12 timars arbeidsturnus for tilsette blir forsøkt innført i eit frå før knalltøft yrke.
Opplysningar ukorrekte
Under den politiske debatten på Hellesylt sat ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) side om sida med Frank Sve. Ordføraren kjende ikkje til at sjukeheimsplassane i Sunnylven skulle leggjast ned. Det var ein gigantisk bløff av hans motdebatant.
Til hellesylt.info tilbakeviser Tryggestad påstandane frå Sve. Det er rett at kommunen har sett ned eit RO-utval som skal sjå på framtidige tenester i eldreomsorga, også på sjukeheimsplassar. Det er venta ei eldrebølge kring 2030-2040 og for å møte den må vi førebu oss på framtida og få vurdert om vi brukar ressursane rett, om dagens tenester er dekkjande også i framtida. Utvalet skal vurdere alle tenester, frå sjukeheimsplassar, omsorgsbolegar, til heimehjelp, seier Tryggestad.
Det er så langt ikkje trekt noko som helst konklusjonar, eller laga planer for noko nedlegging av sjukeheimsplassar verken på Hellesylt eller Stranda. Utvalet skal legge fram si tilråding til hausten, og det blir det nye kommunestyret som skal ta stilling til dei tilrådingar som kjem, seier ordføraren.
Når det gjeld 12 timars turnus seier Jan Ove Tryggestad at dette heller ikkje er vedteke innført, men det er ei ordning som enkelte kommunar prøver ut der pasientar krev heildøgn tilsyn. Men med så lang turnus blir det også lenger fritid, og det har tilsette i prøvekommunar uttala seg positivt til.