Lokalnytt

Solsenger til leige på badestranda

Hellesylt ungdomslag har 40 solsenger til utleige på badesranda. Fleire av dei var i bruk fredag.

På badestranda på Hellesylt har Hellesylt ungdomslag solsengar til utleige. Tidlegare hadde laget 20 senger til bruk, og i år er anntalet dobla.

Dagar når sola kjem fram kan bli avslappande og fine på badestranda på Hellesylt. Her står gode solsenger til utlån mot rimeleg betaling. Leiar i HUL, Marianne Fivelstad fortel at laget hadde 20 solsenger til bruk i fjor, men har skaffa like mange nye i år. Det er sjølvbetjening, og alle som ønskjer det kan bruke ei solseng ein heil dag mot å vippse 30.- kroner. På eit skilt står nummeret som skal brukast.

-I staden for ei kasse for betaling valde vi å bruke vipps, seier HUL-leiaren. Ho trur på folk si ærlegheit, at alle betaler 30.- kroner for å bruke ei solseng ein heil dag. Marianne håper mange benyttar seg av tilbodet, og at sengare blir rydda på plass etter bruk.

Solsengane har eigaren sitt namn påtrykt. -Vi trur folk er ærlege både med bruk og betaling, seier HUL-leiar Marianne Fivelstad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380