LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2019

Spanande utnytting av cruisekaiområdet

Alle idemyldrarar kring utnytting av cruisekaiområdet fekk premie for forslaga. Frå høgre Knut O. Hole, Anna van der Zwaag, Tora Vollset, og utdelar næringssjef Inge Bjørdal. Representantar frå Verdsarven var ikkje til stades. Svein Runde til venstre.

Under Hellesyltdagane vart det presentert tre forslag i idekonkurransen om korleis Hellesylt cruisekai kunne utbyggast og kva den kunne brukast til.

Hellesylt Cruisekai vart opna i 2012, men vart ikkje ferdig utbygd grunna kostnader. I åra etter har fleire store stålrøyr stått i sjøen og rust, og er eit lite vakkert syn.

Under Hellesyltdagane 2019 bestemte komiteen seg og at i staden for fotokonkurranse skulle det nysast ut idekonkurranse om utbygging og bruk av det uferdige området på cruisekaia. Det kom inn tre forslag som vart presentert og premiert.

Eit forslag frå Knut O. Hole ville drage inn Ålesund kompetansepark, og han ville kontakte investorar utanfrå saman med Stranda Hamnevesen KF i finansieringa. Det skulle leggast dekke på området der det kunne byggjast turistinformasjon kontor, utleige av fleire ting til turistar, parkering, og eit servicebygg med sanitæranlegg, og litt spanande, to akvariekummar. Området kunne vere utgangspunkt for ei gondolbane til Skaret og området der. Hellesylt cruiseservice burde etablerast i 50 prosent stilling til drifta.

Forslag 2. var frå Stiftinga Geirangerfjord med omland ved Katrin Blomvik. Her var foreslege utbygt oppleving og servicesentral, toalettanlegg, billettkontor for kjøp av opplevingar regionalt, eit bygg i fin utforming med spesiell vekt på takutforming og  med stor kapasitet. Her kunne også lokale mataktørar profilere seg. Også landstraum, lading av batteri, utvikling av HUB (Hellesylt hydrogen) var nemnt i dette ideforslaget. Utbygginga burde vere eigd av kommunen.

Dei to masterstudentane Tora Vollset og Anna Van Der Zwaag hadde også sitt forslag. Dei ville la kaia ligge som i dag. –Vi som kjem utanfrå synest det har oppstått eit vakkert rom der ved ei tilfeldigheit, sa dei. Dei ville jobbe for å lede turistane til sentrum med utbygging av promenaden lags sjøkanten og også ei ny gangbru bak Hellesylt bro var med. Røyra i sjøen ved cruisekaia kunne gjerast spanande med ulike installasjonar, strå som svaia i vinden, fontener og lys.

Juryen

Ein jurye med hamnesjef Rita Berstad Maraak, politikar Ann Kristin Langeland og teknisk kyndig Inge Korsbrekke, NCC hadde gått gjennom framlegga og gav sin kommentar og poeng.

Knut Hole: Inkluderer sentrum som også omfattar gondol, aktiv bruk av kaiarealet, tenkt økonomi og potensielle investorar. Kan synest som han har vurdert utfordringsbiletet med tanke på 2025 -2026.

Poeng: Totalkonsept 8. Realisme og berekraft 7. Innovasjonsgrad 7. Sum poeng 22.

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv: Konkret på mykje som driftskontrrakt, opplevings –og servicesentral, ladstraum, hydrogen og lading av el-bussar. Utfordrar naboane til samarbeid.

Poeng: Totalkonsept 6. Realisme og berekraft 7. Innovasjonsgrad 6. Sum poeng 19.

Anna van der Zwaag / Tora Vollset: Juryen svært begeistra for forslaget, men saknar fokus på sjølve kaiområdet. God forståing for Hellesylt som marknadsplass Det kan bli store utfordringar med ombygging av brua.

Poeng: Totalkonsept 7. Realisme og berekraft 5. Innovasjonsgrad 8. Sum poeng 20.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380