LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2019

Stort andeslepp i Hellesyltfossen

Konrad t.v. og Martin var hjelparar til Ottar Frøysa Hellebostad med å få alle endene til start i andesleppet.

Det store andesleppet under Sommardagane vart nesten rekordstort i år. Og god vassføring i Hellesyltfossen fekk fart på dei gule konkurrentane.

Rundt 2000 plastender vart plassert i traktorskuffa på den nye, blå traktoren med Ottar Frøysa Hellebostad bak rattet. Turen til Høge bru gjekk som vanleg greitt, og det same gjorde tippen over rekka der starten på andeløpet var, i år for femtande gong.

Ved mållinja, ei raud oljelense like forbi Hellesylt bro venta prost Svein Runde, næringssjef Inge Bjørdal og båtførar Kim Sture Flo på fyrste deltakar. Og den kom i suveren fart, og rett i hendene til Runde. Ei klar vinnarand denne gongen. Litt etter kom dei neste premierte deltakarane.

Kjøparane av lodd i andesleppet får utdelt ti pengepremiar med ein samla sum på til saman 25.000.- kroner. Vinnarar i år vart:

10.000.- kroner: Tobias Hjort, Oppegård.

5.000.- kroner: Jesper Åsen

3.000.- kroner: Sofie Rød Ringdal

1.000.- kroner: Tore Knotten, Inge Heggen, Torunn Hauge, Adrian Sporstøl Ravelo, Teo Sanne Jønsson, Lindis Hoel, Laila Hanssen.

Det er Hellesylt Ungdomslag som er ansvarleg arrangør av Det store Andesleppet i Hellesyltfossen.

Her blir vinnarendene plukka opp av «løpsdomarar» med lang erfaring.
Vinnarane av to toppremiar var til stades under premieringa, Tobias Hjort med 1. pris til venstre, og Jesper Åsen som vann 2. premie. Heilt til venstre Svein Runde som leia premieringa av Andesleppet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380