Suverene vinnarar i Hellesyltløpet
Sunnylven IL, Sportsklubben Vidar og Ålesund friidrett tok heim klassesigrane i Hellesyltløpet 2019. I alt 79 løparar stile til start.
[metaslider id=»25468″]
Vinnarar av Hellesyltløpet 2019 vart Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL for herrer, og Torhild Dubwad Mathiesen, Sportsklubben Vidar i dameklassa. Begge leverte sterke løp, men løyperekordane i dei to klassene overlevde.
Stadheim har delteke fleire gonger og spurta inn til både andre og tredjeplass tidlegare, men i år vart det siger for fyrste gong og på ny personleg bestetid.
Torhild Mathiesen deltok i sitt fyrste Hellesyltløp og kom i mål til fjerde, eller femte beste tid nokon gong i dameklassa.
På start laurdag mellom 38 i herrer senior var også Odd Arild Dale, Førde IL. Han har delteke i samlege Hellesyltløp frå starten i 1987, og laurdag fullførte han på sterke 32.44. I klasse gutar vann Thomas Sander Hole, Sunnylven IL, og klassevinnar for jenter (begge opp til 16 år) vart Anja Larsen, Ålesund friidrett.
Det var fine forhold under løpet som har fleire sortar underlag, både grus, asfalt og grasbakke. For dei yngste klassene er løypelengda ca. 1600 meter, og for senior 6.6 km.
Hellesyltløpet samla 79 deltakarar totalt i år. Tidlegare har løpet hatt over hundre løparar, men kollisjon med eit fjelløp i nabobygda påverkar nok litt. Alle vart premierte i nok eit vellukka Hellesyltløp arrangert av Sunnylven IL friidrett/trim.