Tidlegstemming ved kommunevalet

Kommune –og fylkestingsvalet er måndag 9. september. I Stranda er det høve til tidlegstemming til kommunestyrevalet om du er bortreist på valdagen.

For å kunne røyste ved kommune –og fylkestingsvalet måndag 9. september må vedkomande stå i manntalet. Listene er lagde ut på Servicekontoret i kommunen.

I Stranda kommune er det høve til tidlegstemming til kommunestyrevalet på Servicekontoret i opningstida mellom klokka 10.00 og 14.00. Tilbodet har vore i gong frå 1. juli, og varer fram til fredag 9. august, melder kommunen på si nettside.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380