Trine Ramsvik Stette Engesetdal/Skodje vann Olsokstemne

Ivar Fivelstad, Sunnylven skyttarlag gjorde eit godt olsokstemne i Markane. Om få dagar startar Landsskyttarstemnet i Evje. (Foto frå arkivet)

Hytteholvinnar Bjarne Muri, Oslo Østre skyttarlag fekk eit marginalt tap mot Trine Ramsvik Stette under olsokstemne i Markane. Stette sikra sigeren med ein sentrumstiar meir enn Muri.

Engesetdal/Skodje –skyttaren imponerte stort på olsokstemne med feilfri skyting og 150 poeng etter femskot-seriar på kne, ligg og ståande. Både Ramsvik Stette og Muri fekk noterte sterke 393 poeng på stemnet i Markane.

Frå Sunnylven skyttarlag

Ivar Fivelstad spissar forma fram mot Landsskyttarstemne og Norgescup i Evje i august. I Markane vart det 4. plass og 389. Trygve Aaland Tryggestad nådde 383 som gav 13. plass, Ola Vangen skaut 381 (21.), Kjell Oddvar Frøysa 379 (24.), og Dag Andre Hauge 375 (34.)

Ungdommen imponerer

Sunnylven skyttarlag har lita, men god rekruttering til skytesporten. Under olsokstemnet imponerte dei tre brørne Frøysadal Hauge nok ein gong. Kristian Andre skaut 342 og tok 2. plass i klasse eldre junior, Isak Elias vann klasse eldre rekrutt med fullt hus 350 poeng, og Ørjan kom på 5. plass i klasse rekrutt på 333 poeng.

Veteranskyttar Oddmund Fivelstad noterte 345 i V 73 som gav 12. plass mellom 21 deltakarar.

Både i Hyttehola (omtala annan stad) og olsokstemne i Markane hadde god deltaking med høvesvis 173 og 189 skyttarar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380