LokalnyttLokalsport

Varmt Hytteholstemne

Vinnar av Hytteholstemnet 2019, Bjarne Muri, Oslo Østre skyttarlag. (Foto: Sunnylven skyttarlag)

Vinnar av Hytteholstemne i skyting sist helg vart Bjarne Muri, Oslo Østre skyttarlag. Anita Jære, Rennebu skyttarlag kom på sølvplass.

Det var rundt 30 plussgrader under årets Hytteholstemne i skyting. Men gode utøvarar takla også varmen og oppnådde sterke skyteresultat. Best av alle var Bjarne Muri, Oslo Østre skyttarlag som enda på 346, to poeng føre Anita Jære, Rennebu skyttarlag.

Frå Sunnylven skyttarlag

Best lokale utøvar denne gonen var Ivar Fivelstad med 339 og 13. plass. Trygve Aaland Tryggestad nådde også 339 og tok 16. plass på resultatlista. Kjell Oddvar Frøysa skaut til 335 (23.), Ola Vangen 333 (36.) og Dag Andre Hauge 325 (70.)

God veteran

I V73 gjorde Oddmund Fivelstad eit godt stemne mellom andre gode veteranar og vart nr. 13. med 346 poeng.

Rekrutt –og juniorklasser

På 100-meter nådde Kristian Andre Frøysadal Hauge 347 og 3. plass i klasse junior. Brørne Isak F. Hauge kom på 2. plass i klasse eldre rekrutt med 349, og Ørjan F. Hauge sikra seg 2. plass i klasse rekrutt. Han skaut 342.

PEAB K. Nordang er hovudsponsor med vandrepokal og premiar for Hytteholstemnet over fem år, frå 2018 til og med 2022.

Oddmund Fivelstad, Sunnylven skyttarlag, framleis treffsikker veteranskyttar. (Foto frå arkivet)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380