Notiser

Avfallsdunkar «fløymer» over

Konteinerane i vegskiftet ved Frøysa er til tider overfulle av papir, plast og grovavfall, men også anna som ikkje høyrer til har blitt kasta her.

Ved dunkane for papir og restavfall som er utplassert i vegskiftet til Frøysa har det til tider i sommar «fløymd» over av avfall. Lite triveleg, seier ein tipsar til hellesylt.info.

 Dunkane som er utplassert i vegskiftet til Frøysa i Sunnylvsbygda er tenkt for hytterenovasjon, og hytteeigarar betalar ekstra for å levere papir og restavfall her, fortel ein hytteeigar som har sett seg litt lei på at også andre kastar både vanleg hushaldningsavfall og andre ting her. Nyleg var det så forsøpla kring dunkane at han tok ryddejobben.

 -Det ser ut for at folk trur at Frøysavegskiftet er ein vanleg bossplass. Dunkane flyt over av alt anna enn restavfall, noko som gjer at det ikkje er plass til hytteeigarane sitt restavfall. I går hadde eg ein ryddeaksjon på plassen og fann metall, plast og ymse gamle bildelar. Det er heller ingen pryd for vegfarande å sjå dette griseriet. Vi vonar at folk kan kvitte seg med avfallet sitt på dertil egna plass slik at hytteeigarane får bruke dunkane dei betalar for. 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380