Lokalnytt

Designvegen, opplevingar på tvers av grenser

Prosjektgruppa var innom Peer Gynt galleriet. Frå venstre Oda Skoglund, Sunnmøre kulturnæringshage, Hornindal, Lill Therese Aurdal Fure, Skaparglede (Sykkylven næringsutvikling), Geirmund Dvergsdal – Stryn kommune, Inge Bjørdal, Næringssjef Stranda kommune, Åsne Helene Folstad, Skaparglede (Sykkylven næringsutvikling)

Eit samarbeidsprosjekt mellom kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord har fått namnet Designvegen, og blir ei opplevingsrute etter fylkesveg 60 mellom Sykkylven og Stryn.

I 2018 starta arbeidet med å planlegge og samordne eit opplevingsprosjekt, ei reise gjennom kommunane Sykkylven, Stranda, Hornindal/Volda til Stryn etter fylkesveg 60.

-Alle kommunane har mykje å sjå og oppleve, både innan yrkesliv, kunst og natur. Enkelt er betre enn andre, som Stryn som har lang erfaring innan reiseliv. Ved å samsnakkast kan vi gjere kvarandre betre, kome med nye idear som kanskje flyttar litt på turiststraumen, for deler av området er overbelasta slik det er i dag. Det sa Åsne Helene Folstad, Sykkylven som er leiar av prosjektgruppa Designvegen.

Fredag denne veka var dei fem innom Peer Gynt galleriet på Hellesylt for ei kort omvising før styremøte same dag. Verdsarvutstillinga og Peer Gynt-relieffa var imponerande, men området som Designvegen skal omfatte har mykje meir. Og berre vegen, fylkesveg 60 var nesten ei eventyrreise, sa Åsne   , ei ferdselsåre som arbeidsgruppa vil ha som Nasjonal turistveg om dei får det som dei vil.

Målet er også å legge til rette for meir næringsutvikling, og gruppa samarbeider gjerne med andre prosjekt på begge sider av fylkesgrensa, sa Åsne Helene Folstad og tok fram «Smaken av Sunnmøre» som eit eksempel.

Gruppa ønskjer å skape eit turopplegg i kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord med opplevingar innan design, kunst og kulturhistorie. Her vil mellom anna møbelindustrien få ein sentral plass og omtale. Men også anna næringsliv vil bli vektlagt og presentert, som konfeksjon og tekstil, lokal matkultur og produksjon, ulike overnattingsplassar med historisk sus i veggane, kyrkjer, kulturbygg og museum, og ikkje minst vegar, turopplegg og natur med antikvariske byggverk.

Satsinga og arbeidet med det nye innan oppleving og reiseliv er eit 3-årig prosjekt. Resultatet vil bli presentert på eiga nettside, www.designvegen.no og gjennom brosjyrer.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380