Fekk skryt for sykkelservice

Knut Hole har mange syklar og eit par sykkelvogner til utleige. Og neste år tilbyr han biltransport forbi sterkt trafikerte strekningar. (Foto frå arkivet)

Knut Hole har hatt fin auke i sykkelutleige i sommar. Og svært gledeleg var det å få positive tilbakemeldingar frå fire syklistar, fortel han.

Knut Hole starta sitt enkeltmannsforetak med sykkelutleige i 2015. Interessa for å leige el-syklar har auka jamt og i år har antall syklistar dobla seg i høve til tidlegare år, fortel han.

Det starta med fem el-syklar, men eit par år etter vart talet auka, og med sykkelvogner, hjelmar og ein del anna utstyr har det blitt ei investering på nær 300.000.- kroner, seier Knut Hole.

Fine sykkelruter

For tre år sidan gjorde han avtale med Coop Marknad på Hellesylt om lagerplass og at butikken skulle stå for utleiga. I utleigelokale er også toalett og vask, og syklistane kan få setje frå seg og låse inn private ting dei ikkje treng på turen. Denne utleiga har fungert flott, og i tillegg anbefaler og informerer betjeninga om sykkelrutene. Mest populært har vist seg å vere opp gjennom Sunnylvsbygda til Flofjellet, men også til Tryggestad og gjennom Norangsdalen til Øye og tilbake blir sykla mykje. Både opp bygda og gjennom Norangsdalen er det forholdsvis liten biltrafikk, noko denne turistgruppa set pris på, seier Knut Hole.

Fekk rosande tilbakemelding

Nyleg fekk Knut eit brev i postkassa si frå ein familie på fire som hadde leigd el-syklar for ein dagstur i sommar. Det var eit brev fullt av skryt, av gode syklar, fantastisk natur og ikkje minst den service dei hadde fått ved sykkelutleiga av betjeninga på Coop Marknad, Hellesylt.

Det var eit brev som gleda, seier han, og gjer at han driv sykkelutleige vidare neste år. Då vil han tilby leige også av bil for transport av syklar til Tryggestad for dei som vil sykle Norangsdalen. Trafikken etter fylkesveg 60 frå Hellesylt til Tryggestad er stor så det er ein fordel å sleppe å sykle denne strekninga, seier pensjonisten og den engasjerte eigaren av Hellesylt El-sykkelutleige, Knut Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380