Finaleklare på Landsskyttarstemnet

Isak og Kristian F. Hauge (nr. 1 og 2 frå venstre) skyt banefinale i dag onsdag. Ørjan til høgre er i finalen felt fredag. Der skyt også Ola Vangen. (Foto frå arkivet)

Landsskyttarstemne på Evje i Setesdal er i full gang. Det går i eitt kjør frå morgon til kveld med konkurransar, rapporterer vår meldar, leiar i Sunnylven skyttarlag Ola Vangen.

Her er resultatoversikt over korleis skyttarar frå Sunnylven skyttarlag har gjort det i innleiande konkurransar. 

Baneskyting 100 meter:

Ørjan Frøysadal Hauge nr. 146 av 269 skyttarar med poengsummen 238 i klasse rekrutt.

Isak Elias Frøysadal Hauge nr. 11 av 319 (før finalen onsdag 7/8) med poengsummen 250 i klasse eldre rekrutt.

Kristian Andre Frøysadal Hauge nr. 49 av 326 (før finalen onsdag 7/8) med poengsummen 247 i klasse junior.

Baneskyting 200 meter:

Ivar Fivelstad nr. 346 med 238p, Ola Vangen nr. 658 med 234p, Dag Andre Hauge nr. 718 med 233p og Kjell Oddvar Frøysa nr. 901 med 230p av totalt 1412 i klasse 3-

Finfelt

Ørjan Frøysadal Hauge nr. 12 av 262 (før finalen 9/8) med 30/19 treff i klasse rekrutt. Isak Elias Frøysadal Hauge nr. 85 av 302 med 29/23 treff i klasse rekrutt. 

Kristian Andre Frøysadal Hauge nr. 125 av 319 med 28/16 treff i klasse junior. 

Grovfelt

Ola Vangen nr. 427 med 28/11 treff før finale 9/9, Ivar Fivelstad nr. 857 med 26/11 treff, Kjell Oddvar Frøysa nr. 1092 med 25/9 treff og Dag Andre Hauge nr. 1114 med 25/8 treff av totalt 2007 skyttarar i klasse 3-5+V55,2 og EJ. 

Kirsti Frøysadal Hauge nr. 14 av 134 med 28/11 treff i klasse 1.

Stangskyting:

Dag Andre Hauge nr. 338 med 17 treff, Ola Vangen nr. 762 med 14 treff, Kjell Oddvar Frøysa nr. 833 med 14 treff, Ivar Fivelstad nr. 1058 med 13 treff og Kirsti Frøysadal Hauge nr. 1123 med sine 12 treff av totalt 2073 deltakande skyttarar. 

I stangskyting gjeld det om å skyte så mange skot som mogleg på 25 sekund i to seriar mot to ulike hold. 

Felthurtigskyting:

Einaste som blei registrert med gyldige resultat var Kjell Oddvar Frøysa og Kirsti Frøysadal Hauge med hhv. 16,74 sekund og 743.plass og 36,21 sekund og 1409.plass av totalt 2073 skyttarar. 

I felthurtigskyting gjeld det om å treffe tre ulike hald på kortast mogleg tid med nedsprang etter klarsignal. Det er maksimalt lov til å bruke totalt seks skot på skytinga, og dei som ikkje klarer det blir satt opp med ugyldig resultat. 

Andre finalar for deltakarar frå Sunnylven skyttarlag. 

Banefinale: 

Isak Elias Frøysadal Hauge onsdag 7/8 frå kl 14.15.

Kristian Andre Frøysadal Hauge onsdag 7/8 frå kl 16.00.

Feltfinale:

Ørjan Frøysadal Hauge fredag 9/8 frå kl 08.00.

Ola Vangen fredag 9/8 frå kl 09.30.

Kristian Andre Frøysadal Hauge skal også delta på NM skogsløp med skyting der han har utgangspunkt i 1 min tilleggstid i høve til startpulja. Dei siste to åra har det blitt NM-tittel til Kristian i klassa han har delteke i. Løpet går torsdag 8. august kl 18.15.

Ivar Fivelstad skal vere med og representere Sunnmør i samlagsskyting for senior. Denne skytinga er torsdag frå kl 09.00

For den som vil følgje med på livevisning frå skytingane og oppropslister/resultatlister så kan dei gå inn på denne linken: http://res.landsskytterstevnet.no/2019/web/index.html

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380