Lokalnytt

Fordelte kulturmidlar

Sunnylven skulekorps var mellom dei 21 som søkte om kulturmidlar for 2019. Korpset som betyr så mykje for bygda fekk same beløp som dei fleste andre søkjarane. (Foto frå arkivet)

Hovudutval for helse, oppvekst og kultur har fordelt kulturmidlar for 2019 etter innkomne søknader.

Det kom inn 5 søknader om kulturmidlar til idrett, og 16 andre søkjarar frå andre kulturformål mellom born og eldre. Totalt søknadssum var 268.600.- kroner som var noko høgare enn året før.

Til fordeling var det sett av 70.000.- kroner. HOK vedtok å dele ut 40.000.- kroner no, resten på 30.000.- kroner blir tildelt Stranda Idrettsråd som gjer vedtak om tildeling av midlar etter søknader frå idrettsorganisasjonane, heiter det i vedtaket frå hovedutval for helse, oppvekst og kultur.

Vi tek med lag og organisasjonar i Sunnylven som hadde søkt og fekk tildeling av kulturmidlar 2019. (Søkjar, søknadssum, tildelt beløp)

Hellesylt Ungdomslag                    15.000.-             2.000.-

Fjellrosa 4H                                   10.000.-              2.000.-

Sunnylven Pensjonistlag                5.000.-               2.000.-

Hellesylt Songlag                           4.000.-               2.000.-

Joyful                                            15.000.-               3.000.-

Sunnylven skulekorps                   20.000.-              2.000.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380