Fører Sp og administrasjonen innbyggjarane bak lyset?

Sunnylven omsorgssenter (Foto frå arkivet)

«Rådmannen med sterk støtte frå Sp har sett i gong RO-prosjektet for omorganisering og radbrekking av pleie- og omsorgstenestene i kommunen,» hevdar Sve i innlegget sitt. Dette er direkte feil.

(svar på F. Sve sitt innlegg i Sunnmøringen 22.08.19)

Stranda kommune står framfor ei modernisering av helse- og omsorgstenestene, og det må gjerast noko med bygget på Solbakken. For å sikre seg at ein finn beste løysingane, og at det vert gjort på ein økonomisk berekraftig måte og i tråd med moderne medisinsk behandling, vart det i fjor sett ned ei gruppe som skulle arbeide med saka og kome med forslag til kommunestyret. Eit konsulentfirma med dette området som spesialfelt, i tillegg til tilsette og nokre  politikarar, har vore i arbeid sidan då. Ein har no kome med eit forslag til løysing. Forslaget skal leggjast fram for folk i dei ulike bygdelaga til hausten, og det nye kommunestyret skal så gjere endeleg vedtak.

Sve har etter kvart vorte svært negativ til dette arbeidet, og det har han sjølvsagt høve til. Men å hevde at administrasjonen og Sp held noko skjult, er direkte usanning. Vedtak om RO-prosjektet vart gjort av eit samla politisk miljø.

Under arbeidet har det i kommunen vore gjort forsøk med 12 timars vakter for nokre tilsette i helsetenestene. Ein viktig grunn for å prøve dette, er å gjere det lettare å få til gode vaktlister og finne ut om dette samstundes er til beste for dei tilsette. Sve hevdar at dette er greinalaust og at folk sluttar. Til meg har eit stort fleirtal av dei tilsette sagt at dei likar denne ordninga, og at dei vil slutte viss denne ordninga vert stogga. Småbarnsforeldre synest vere godt fornøgde.

Sve hevdar og at Frp vil innføre lokal matlaging på alle institusjonane. I tidlegare skriv vil han og støtte bygging av fleirbrukshall på Stranda og gje støtte til Sunnylven skyttarsenter. Alt dette er sjølvsagt gode tiltak, men Sve gløymer å fortelje kvar han skal ta pengane frå. Når vi veit at Frp samstundes vil ta bort eigedomsskatten, vert forslaga neppe enkle å gjennomføre.

Sp vil sjølvsagt vere med å finansiere nye, gode tiltak i kommunen. Viktigaste sakene i den nye perioden vert renovering av skulen i Sunnylven, og utbygging av helse- og omsorgstenestene. Har vi råd til meir, blir vi sjølvsagt med på det, men å føre ein ansvarleg økonomisk politikk, blir like viktig som i dei to siste periodane.

Under Sve si styringsperiode gjekk økonomien i kommunen over styr, økonomisk styring mangla heilt. Neste års budsjett vart vedteke i kommunestyret i desember, men alt i januarmøtet vart nye løyvingar gjorde. Ofte vart det gjort på den måten at administrasjonen skulle finne pengar til tiltaka, noko som sjølvsagt var uråd. Økonomien kom såleis fort ut av kontroll.

Slik vil vi ikkje ha det. Alle investeringar og utgifter må vere tufta på bereevna til kommunen. Slik ynskjer Sp å styre, ikkje love alt og dermed øydeleggje kommunen etter at vi har brukt åtte år på å rette opp igjen fadesane.

 

Stranda Sp

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380