Lokalnytt

FrP krev fortgang i renoveringa av Sunnylven skule.

Stranda FrP går inn for renovering av Sunnylven skule snarast råd.

I eit lesarinnlegg sendt hellesylt.info rettar gruppeleiar i Stranda FrP Frank Sve kritikk til kommunepolitikarar i Stranda, og då spesielt ordførar for at Sunnylven skule ikkje er blitt renovert. Kommunen har 85 mill. kroner på bok dei kan bruke, skriv Sve.

 Lesarinnlegg frå FrP, sendt hellesylt.info

 -Åtte år med Sunnylvsordførar og mange i kommunestyret, har ikkje ført til handling og resultat for renovering av Sunnylven skule.

I dag har kommunen 85 million kroner ubrukt på bok, som godt kunne vorte nytta til renovering av Sunnylven skule for lenge sidan. FrP krev at Sunnylven skule vert renovert umiddelbart og at arbeidet vert oppstarta. Å skubbe dette føre seg har pågått i mange år, sjølv om underteikna har meint at dette burde vorte prioritert.

Nytt omsorgssenter på Stranda kan lånefinansierast med bakgrunn i at her er der store tilskot tilgjengeleg, då kan ubrukte lånemidler som kommunen har i dag brukast på Sunnylven skule. Her er inga unnskyldingar eller vekkforklaringar for at null komma null har skjedd med denne skulen i dei siste åtte åra.

I mi tid som ordførar, prioriterte vi Sunnylven. Vi bygde kunstgrasbane, djupvasskai, ny brannstasjon, bygde opp igjen barnehagen, opprusta vegane på reset, sikra sjukeheimsplassar, og rusta opp sentrum.

Eg har fortsatt tenkt å sjå heile kommunen dei neste fire åra, og no må opprusting av Sunnylven skule kome i gang.

Mvh

Frank Sve

Ordførarkandidat

Stranda FrP

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380