FrP støttar skyttarsporten og fleirbrukshall

-Bygging av fleirbrukshall på Stranda, og støtte til Sunnylven skyttaranlegg skal prioriterast, skriv Stranda FrP i e-post til hellesylt.info.
I e-posten peikar FrP på to saker som partiet vil prioritere høgt og jobbe for å få løyst, og skriv;
-Stranda FrP kjem til å leggje all vår kraft inn på at den nye fleirbrukshallen på Stranda vert bygd så raskt som råd.
Dette er det beste enkelttiltaket for barn og unge, der ein slik hall vil vere viktig for mange tilbod og ikkje minst vere viktig for å kunne bevare Stranda Vidaregåande skule. Vi kjem til å utfordre dei andre partia på dette, og no må det snart vere Stranda tettstad sin tur.
Vi vil også prioritere støtte til Sunnylven skyttarsenter, som har vore i prioritet, men ikkje blitt behandla på ein rettferdig måte av Stranda kommune og fleirtalet med SP i spissen. Dette anlegget vert kjempeflott, og er til både skyting og skiskyting samt langrenn.
FrP krev at støtten frå kommunen her skal vere i tråd med tidlegare prinsipp om 1/3 av kostnaden !