Kniva om medalje i ungdomsskyting
Sunnmør kniva om medaljar i ungdomsskyting for samlag på Landsskyttarstemne på Evje. Medalja glapp på slutten, men ein 12. plass var også sterkt.
Landsskyttarstemnet 2019 er i gong på Evje, og fleire deltakarar frå Sunnylven skyttarlag har innteke konkurransearenaen i Setesdal.
Så langt under skyttarstemnet har det vore innleiande skyting, men finalen i samlagsskyting for ungdom vart gjennomført måndag 5. august.
På Sunnmør sitt lag deltok to frå Sunnylven skyttarlag, Isak Elias F. Hauge og Kristian Andre F. Hauge. Saman med resten av laget kjempa dei om pallplassering då Kristian Andre skaut laget heilt opp på 3. plass på tredje skyting. Det glapp litt på den avsluttande skytinga, men 12. plass av 42 lag må vel vere eit resultat å vere nøgde med.
Dei to andre på Sunnmør i tillegg til Isak Elias og Kristian Andre var Andreas Valde, Engesetdal/Skodje og Ola-Johan Dybvik, Langevåg Skyttarlag.
Kongelaget
Tysdag skaut Ivar Fivelstad, Dag Andre Hauge, Kjell Oddvar Frøysa og Ola Vangen, alle frå Sunnylven skyttarlag om plass i kongelaget på Landsskyttarstemne.