LokalsportNotiser

Live (15) sikra seg tre gullmedaljer

Ei strålande fornøgd Live med dei tre gullmedaljene ho sikra seg i verdsmeisterskapet.

Etter å ha sikra seg verdsmeistertittelen i det tøffe motbakkeløpet fredag, stod eit lengre fjelløp på programmet søndag. På ny sprang Live Sollid frå dei andre deltakarane i klassa si og sikra seg VM-tittel nummer to!

I dagens fjelløp i ungdommens verdsmeisterskap var det fellesstart for alle, og klassa til Live, 16-17 år, sprang ei strekning på rundt 16 kilometer.
Til avisa Fjordingen fortel Live at ho starta litt langt bak i feltet og brukte ein del tid på å kome seg fram til konkurrentane sine. Dei klarte å følgje Live opp dei 1500 høgdemetera i ei rås som til tider var ganske smal. Men frå toppen og ned til målgang sprang ho frå dei to hardaste konkurrentane sine, og vann med rundt tre minutts margin. Ei jente frå Ungarn tok sølv og ei frå Nederland bronsemedaljen.
Med dei to gullmedaljene sikra Live seg og ei tredje gullmedalje for samanlagtsiger i dei to fjelløpa! Ho var og sterkt medverkande til at Noreg kapra andreplassen i nasjonskampen, etter Sveits men framfor Spania.

Live med «bakkemannskapet sitt» Frå venstre far, Knut Sollid, Live, Rasmus Haugen og bror Magnus Sollid.

Fotos: Magnus Sollid

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info