Lokalnytt

Live Sollid verdsmeister i Skyrunning

Live vann løpet på tida 51,42.48, føre De Bruin frå Holland 53,32.44, og Nemeth frå Ungarn 55,07.72. Der var i alt 15 deltakarar i klassa.

Live Sollid frå Hornindal vart invitert til å delta i verdsmeisterskapet i Skyrunning for ungdom i Italia, og etter eit kjempeløp sikra ho seg like godt verdsmeistertittelen i klasse 16-17 år!

Meisterskapen samla i år 196 deltakarar frå 28 land og fire kontinent, noko som er ny rekord. Skyrunning er ulike typar lange fjelløp. I dag sprang klassa til Live ei løype på 3,5 kilometer. Dei starta på 1000 meters høgde, og sprang heilt opp på  vel 2000 meter, før målgang. Eit krevjande løp både i solskin og haglbyger.

For å kunne delta i meisterskapet må deltakarane vere nominert, eller invitert frå ein i det nasjonale forbundet. Det var etter sigeren i Hornindal rundt i sommar at kjempetalentet Live, med mor frå Hellesylt og far frå Hornindal fekk invitasjonen til årets Skyrunning Championship i Gran Sasso i Italia

Søndag spring Live det andre løpet i konkurransen. Etter dette løpet vert det og kåra ein meister samanlagt for dei to løpa.

Live Sollid.

Alle foto: Magnus Sollid.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info