Lokalnytt

Marit Arnstad (Sp) besøkte Stranda kommune

Stortingsrepresentant Marit Arnstad, (Sp), her saman med partikollega ordførar Jan Ove Tryggestad vart på møtet på Hellesylt informert om forureiningsutfordringar innan transport, og planar for fornybar og rein energi i Stranda kommune.

Stortingsrepresentant Marit Arnstad, Senterpartiet besøkte Stranda. Den tidlegare energiministeren var også innom Hellesylt der ho vart orientert om planane for hydrogenproduksjon, om kraftverkkonsesjonar og anna energibruk.

Til stades på møtet med Arnstad på Hellesylt var ordførar Jan Ove Tryggestad, næringssjef Inge Bjørdal og fleire frå Sp-gruppa i Stranda kommunestyre.

Utfordringane innan transport i framtida var vedtaket om utsleppsfri Verdsarvfjord innan 2026. Det ville føre til færre cruisebåtanløp og konsekvensar for turistnæringa om ein ikkje kom fram til løysingar, sa ordførar Tryggestad mellom anna. Klimatiltak er ei villa ordning frå kommunen, men vi har blitt pålagde strengare krav enn vi bad om.

-I dag er det aktørar som køyrer turistar til Geiranger med buss og unngår fjorden, men tilfører utslepp på lang. Dette vil vi sjå på, for vi har ikkje tenkt å setje att med svarteper, sa ordføraren.

Hydrogen

Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal orienterte om planane for hydrogenproduksjon på Hellesylt. Tre litt større elvekraftverk kan produsere meir kraft enn dei i dag får lov å levere grunna for liten linjekapasitet. Planen var å produsere hydrogen av såkalla innestengt kraft, noko som også ville betre økonomien for dei tre elvekraftverka, Stadheim, Ringdal og Litlebø kraftverk, sa Bjørdal.

Spent på krav til ferjer

For å starte opp produksjonen måtte ein ha ein sikker avtakar. Håpet var å kunne få i drift ferjer på Verdsarvfjorden på denne energien. Det knytte seg spaning til kva vilkår fylket ville kome med i tildeling av nye ferjekonsesjonar i 2021, og om det vart ferjer for batteri eller hydrogen. Næringssjefen kjende til at skipsverft var interessert i å bygge ferje for hydrogen.

Manglar kapasitet til landstraum

Inge Bjørdal kom også inn på dei nye kraftverksplanane i Sunnylven som fekk konsesjon av NVE, men fekk avslag då dei vart anka til departementet. Det var skuffande, for med ny produksjon og ny overføringslinje kunne Sunnylven og Hellesylt hatt nok kapasitet til landstraum på cruisekaia og nok laddekapasitet. – Vi trur at framtida tilhøyrer dei som ser litt lenger fram, sa Bjørdal.

Stortingsrepresentant Marit Arnstad vart godt informert og fekk nok med seg mykje nyttig informasjon kring utfordringane Stranda kommune står over for når det gjeld utslepp frå transportsektoren og cruisebåtar. Ein tredel av alle besøkande i Geiranger kjem frå cruisenæringa, vart opplyst.

Debatten kring fornybar energi som vindkraft og vasskraft er ikkje heilt i gong, men vil kome, og her har vi dårleg tid. Vi må gå inn og leite etter nye, gode løysingar, meinte Marit Arnstad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380