Middels bra i Korsbrekkeelva

I mai sette Arne Korsbrekke til venstre og Bjørn Tryggestad ut 90.000 plommesekkyngel i Korsbrekkeelva (Foto frå arkivet)

Laurdag 31. august er årets siste fiskedag for ivrige laksefiskarar. For Korsbrekkeelva går fangsttala mot ein middels god sesong.

Årets laksefiske har variert og ikkje vore av det beste. Mange elvar har hatt lite innsig av fisk og har halde stengt store deler av songen i frykt for at stamlaksen skulle bli oppfiska.

I Korsbrekkeelva starta fisket 1. juni. Dei to fyrste månadane, då fisket vanlegvis er best, var det heller dårleg. Men i august tok det seg opp, fortel Arne Korsbrekke, elveeigar og aktiv i kultivering av den kjende lakseelva.

Bra med pjakk

Det går mot eit middels bra år når det gjeld oppfiska kvantum. I eit normalt bra år ligg totalen på frå 1600 til rundt 2000 kilo på den vel to kilometer lange elva. Det har blitt fiska bra med pjakk, men av heller liten storleik. Og største laksen så langt når to dagar av fiskesesongen står att, var litt over 11.0 kilo. Den vart landa av Frank Bakkom, og som seg hør og bør vart storfisken feira. Laksen vart fiska i Steimshølen.

Også Arne Korsbrekke har fått napp, men sjølv om han hevdar å ha hatt ein av sine dårlegaste fiskesesongar har det blitt både laks og pjakk i frysaren, og eit par laksar har blitt røykte.

Kultiveringsarbeid viktig

Årsaka til det heller dårlege laksefisket i elvane veit ikkje Arne svaret på. Men ein ting er han sikker på; Utan kultivering hadde Korsbrekkeelva hatt enno mindre fisk. Hadde elva vore lenger med sandbotn hadde det vore noko anna. I Korsbrekkeelva er lite av naturlege forhold for gyting. Elvebotnen er storsteinete og med svaberg fleire stader. Det er ikkje forhold for gyting og oppvekst for lakseyngel, slår Arne Korsbrekke fast.

Får ta opp stamlaks

Asbjørn Ekornesvåg er ny leiar i styret for Korsbrekke Elveeigarlag. Elveeigarlaget har søkt og fått løyve til å ta opp stamlaks også i haust, men berre for eitt år i fyrste omgang. Dei hadde ønska seg meir langsiktige løyver, for klekkeriet i Husøyna der 100.000 lakseyngel blir produsert kvart år skulle hatt ei lita oppgradering, seier Arne Korsbrekke som har gått inn og ut døra i klekkeriet og vakta om «laksebarne» i meir enn 60 år.

Her blir stamlaksen henta opp i Steimshølen. På bilde er Glenn Wernersen t.v., Arne Korsbrekke og Frank Bakkom som har landa årets største 2019. (Arkivfoto)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380