Motellet på Hellesylt blir rive

Espen Skrede Høidal er dagleg leiar i Møre Miljøsanering AS. Firmaet riv no motellbygget frå 70-talet på Hellesylt

Motellbygget ved Grand Hotell på Hellesylt blir rive. Også kjellaren i det gamle hotellet blir strippa for treverk og golvbelegg for opptørking etter vatninntrenging.

Motellbygget i betong ved Grand Hotell på Hellesylt skal vekk. Det er Møre Miljøsanering AS som står for jobben som starta i veke 32. Dagleg leiar i firmaet Espen Skrede Høidal reknar med at jobben vil ta eit par veker.

Måsar hindra arbeidet

Det var i juni før ferien at heile bygget vart tømt for glas og dører og anna utstyr innvendig. Men rivearbeidet valgte dei å utsetjast då fleire måsar hadde bygt seg reir på taket av motellbygget, fortek Høidal. No er hekketida over og knusing og riving av betongbygget er i full gang. Mykje god armering er brukt av byggentreprenøren på 70-talet, men den blir plukka ut av kraftige magnetar på dei store maskinene. Espen Skrede Høidal fortel alt rivemateriale blir køyrd til deponi ved SGT på Stranda.

Etter at måsane vart ferdig med hekkinga starta rivearbeidet. Om to, tre veker er alt borte.

Bevarer tre og hellemur

I Grand-hagen står store flotte alme-tre. Dei skal bevarast uskada, og det same skal blendingsmuren og betongbrygga mot sjøen. Muren vart bygt opp av lokale arbeidarar med ein Kristian Helset som bas, og naturhellene vart sprengt ut og henta frå eit helleberg ved byggefeltet på Reset.

Når motellbygget er fjerna skal området stellast til, og då skal det ikkje vise at der har stått eit bygg.

Set i stand Grand Hotell

I kjellaren ved Grand Hotell blir det også jobba rivearbeid etter at der har vore vatninntrenging. Alt treverk og golvbelegg blir fjerna slik at kjellaren kan tørke opp, fortel Knut Flakk i Flakkgruppa. Planen er å setje i stand kjellaren og fyrste etasje for bruk ved hotellet. Men aller fyrst og alt i hausten startar arbeidet med å setje gamle Grand Hotell i presentabeleg stand utvendig. Seinare vil arbeidet innvendig kome i gong, opplyser Knut Flakk.

Muren mot sjøen skal bli ståande urøyvd har Espen Skrede Høidal fått beskjed om.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380