Ordføraren med svar til Frank Sve
I eit lesarinnlegg på nettstaden hellesylt.info kritiserer gruppeleiar i Stranda FrP, Frank Sve at renovering av Sunnylven skule har drege ut i tid. Ordførar Jan Ove Tryggestad svarar på kritikken.
-Gruppeleiar i Stranda FrP Frank Sve har brått oppdaga at ingen ting skjer på Sunnylven skule, og knapt noko i Stranda kommune. Denne situasjonen får då Senterpartiet i Stranda og ordføraren skulda for. Denne beskrivelsen kjem frå ein som både har vore ordførar, og gjerne vil bli det på nytt.
Kva er så realitetane etter åtte år med Jan Ove Tryggestad og Senterpartiet ?
Vi har gjennomført ein av dei største snuoperasjonane i ei norsk kommune på nærare 50 år. Frå å vere liggande i av dei djupaste grøftene som tenkast kan, har vi greidd å skaffe oss oversikt og handlingsrom til å rette opp kommunen sin økonomiske situasjon. I dag kan vi stadfeste at vi både har kontroll over eigen økonomi, men ikkje minst har retta opp tilliten til låneinstitusjonane slik at vi skaffar oss lånebetingelsar som er konkurransedyktige.
Framover i dei komande åra skal vi vidareutvikle Stranda kommune til beste for innbyggarane. Vi skal starte opp arbeidet med renovering av Sunnylven skule snarast. Dette arbeidet vil få høgste prioritet. Vidare skal vi legge til rette for ei sterk og god utbygging av eldretenestene i heile kommunen. Ei tredje satsing er bygging av ny fleirbrukshall på Stranda. Dette tiltaket vil styrke grunnlaget for søkjartala til Stranda vidaregåande skule og Vestborg.
I motsetning til Frank Sve vil vi bygge våre vedtak på økonomiske realitetar, og sterk fagleg forankring i vår eigen administrasjon. Denne forståinga har gjeve oss gode resultat i det aller meste vi har arbeidd med dei siste åra. Det politiske handlingsrommet vi har skapt, er også med på å styrke vår evne til å møte industrien sine arealbehov for utvikling av arbeidsplassar og styrking av det økonomiske resultatet i mange bedrifter.
Dette er Stranda Senterparti si løysing på nokre av dei viktigaste utfordringane dei komande åra.
Mvh Jan Ove Tryggestad
Ordførar i Stranda kommune